Sv: Tilos i Augusti
For eit par veker sidan starta dei vekentlege dagsturane til Nissyros opp for sesongen. Om eg ikkje hugsar feil er det kvar torsdag. Dagstur til Symi trur eg alt hadde vore i gang frå tidlegare i sesongen. Rodos har du alt fått mange tips om. Om du vil ta ein større runde med overnatting(ar) er det berre å gå på reisebyrået til Stefanakis og spørje om råd, så finn han gjerne fram kombinasjonar med fleire båtruter.
I tillegg fekk eg inntrykk av at Captain Stelios er veldig ivrig på å få passasjerar til dagsturar med den vesle turistbåten sin. Han brukar å sitje under eit stort tre langs strandpromenaden, mellom kyrkja og Sofia's.
|